Takk for meg, folkens
Årets countryfestival i Seljord vart ein braksuksess. Fint vêr, lite bråk og ny publikumsrekord er stikkorda når festivalleiinga og 1.500 friviljuge kan puste ut etter tri strie arrangementsdagar. Legenda Bobby Bare (71) trakk om lag 6.000 tilhøyrarar til Fjoset-scenen laurdag kveld.
Dagleg leiar i countryfestivalen, Knut Inge Skoland, kan puste letta ut etter tri hektiske dagar på Dyrskuplassen. Og på vegne av alle involverte konstanterer han at årets festival vart gjennomført etter punkt og prikke.
Me er strålande nøgde. Dette var skikkeleg moro, ikkje bare på grunn av ny publikumsrekord, men at dei besøkande utelukkande gav positive tilbakemeldingar. Med så mange folk samla på eit relativt lite område, skal det ikkje stort til før problem kan oppstå, men så langt me veit har alt gått bortimot smertefritt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
At det var svært lite bråk i forhold til så mange menneske samla, var også svært gledelig meiner Skoland.
Då VTB tok kontakt med Seljord lensmannskontor måndag for ei oppsummering av festivalen, var dei opptekne i samband med ei anna sak og kunne derfor ikkje gje nokon kommentar.
Taket nådd
Countryfestivalen, som kan titulere seg som Nordens største i sitt slag, er bare blitt større og større med åra, men den daglege leiaren trur nå at taket er nådd.
Det vil ikkje vera noko mål for oss å bli særleg større. Nokre få tusen til kan me kanskje klare å presse inn, men kapasitetsmessig er me nok svært nær taket. Det skal også ein god del til å handtere så mange gjester på ein tilfredstillande måte. For oss er det ikkje noko poeng i å gå på akkord med høgare publikumstal, som igjen vil føre til dårlegare service og oppfylging av dei besøkande, meiner Skoland.
Tilbakemeldingane frå gjestene er utelukkande positive og dei få innspela som er kome av «misnøgde» gjestar er av konstruktiv karakter.
Ja, det handlar meir om råd for å gjera forholda endå betre for campinggjestene. Slikt som betre opplysning i dei ytre kantane av campingplassane og betre lys på dei mobile toaletta. Dette er tips som me tek med oss vidare fram mot neste år, fortel Skoland.
Café-scenen
Artistansvarleg Jonny Minge er også kjempenøgd med årets countryfest og gjennomføringa av denne.
Alt gjekk etter planen heldigvis. Med fleire artistar enn nokon gong er det eit stort apparat i gang heile tida for at alt skal fungere. Mange friviljuge har verkeleg henge i stroppen desse dagane, fortel Minge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tiltaket med café-scenen som ein hovudscene nummer to etter Fjoset-scenen var ein ubetinga suksess. Her var det stuvende fullt det meste av tida, til og med samtidig som Liv Marit Wedvik, Bobby Bare og Chely Wright heldt sine konsertar på hovudscenen laurdag kveld.
Minge fortel at tilbakemeldingane frå artistane utelukkande er gode.
Eg har snakka med dei aller fleste i etterkant og alle svært nøgde. Og då er me nøgde òg, seier ein blid men trøtt artistansvarleg.
Minge har alt i nokre månader hadde neste års festival i bakhovudet. Det gjeld å henge med i svingane.
Jadå, me er så smått i gang med neste år, men noko namn vil eg ikkje ut med. Våre ambisjonar er så enkle som å sette saman ei ny sterk artistliste. Det treng ikkje nødvendigvis vera større topp-namn, men breiare og om mogleg endå betre kvalitet på banda og artistane bak desse. Lista var knallsterk i år og me skal gjere alt for å gjenta dette neste år, avsluttar Minge.
Roleg countryfestival for Røde Kors
Seljord Røde Kors melder om ein roleg countryfestival etter å ha oppsumert helgas hendingar. Dei meiner at årets festival vitnar om god organisering og planlegging.
Det var ny rekord i talet på besøkjande på Countryfestivalen i år. Røde Kors var tilstades på plassen gjennom heile helga, men trass i aukande publikumstal melder dei om ein roleg festival utan dei store hendingane.
Når det er samla så mykje folk på ein stad, er det klart at det skjer nokon ulykker. I år har me totalt sett hatt meir å gjera, men i forhold til besøkstalet har prosenttalet på ulykker gått ned frå i fjor, seier talsmann for Seljord Røde Kors, Stein Arne Flatland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flatland seier at festivalen har gått smertefritt føre seg, og Seljord Røde Kors er svært godt fornøgde med helga.
Det har vore ein normal og roleg festival, det har vore godt organisert og godt planlagt. Dessutan har publikumsauken ført til auka inntekt, noko som gagnar Seljord Røde Kors, fortel han.
Røde Kors i Seljord har ei avtale med Dyrskun Arrangement om ein viss prosent av inntektene i Dansebandfestivalen, Countryfestivalen og Dyrskun. Flatland fortel at sidan dette er hovudinntektskjelda til Seljord Røde Kors er festivalane svært viktige for foreininga.